måndag 13. juni 2011

Fleire bukser på gang!

Guro og eg er på veg. Denne gongen med koselege sommarbukser.
Må ein på død og liv ha ein one-piece for å kosa seg på ferie no til dags? Me trur ikkje.

Me synest desse buksene har så koseleg mønster, farge og passform at sommarkjensla kjem berre vi kastar eit blikk på dei.

Schmuck-schmuck-schmuck så var Ingvild sine pinseklipperier blitt til 14 barnebukser, sydd saman på vanleg vis, samt med overlock. No ligg dei klare for ribb i ulike fargar (ventar på pakke frå Stoff & Stil) og strikk og kan hende ei lomme eller to? To er heilt ferdige og klare for Epla-butikken vår.
Her er Ingvild sin solgule herlighet:

I gråvèret i kveld kom ikkje den fantastiske solgule fargen så godt fram.
Så er det ikkje sommarferie før om 4 dagar heller.
Eg mistenker Guro for å ha blitt litt lei samlebandet i dag. Det blei nemleg samleband når 14 oppklippa stoffer skulle smellast saman. Ikkje mykje kreativt over det, særleg når ein ikkje har vore med på utvelginga av stoff og mønster ein gong. Derfor tok ho litt av når ho skulle sy ei valfri bukse heilt ferdig. Bukseselar av to slips er ikkje kvardagskost. Men riktig så staseleg for ein liten krabat synst no eg.


Turkisblå ribb som skal sitje over bringa på barnet,
og bukseselar med knapphol (!!) laga av slips. Herligt gale!

1 kommentar:

  1. Det var ei feiande flotte bukse. Stilige slipsselar må eg sei! Eg er nesten lei meg for at det ikkje er smårollingar i familien akkurat no-lukke til med eplabutikken-sier Fruene.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...