måndag 20. juni 2011

Sygalskap

Gjeremål i dag, fyrste feriedag i sommar:

-tok med Mellomste Bukken Bruse på biblioteket så han fekk låne seg sommarlektyre og eg fekk låne meg sybøker med mønster. Sjølv om eg ikkje er mønsterfan, må eg innrømme at det er greit å lære seg basics etter boka før ein kan tillate seg å improvisera. Han fann seg 6 bøker og eg 3. Etter å ha bladd meg gjennom dei tre har eg alt plukka ut favoritten; "Barn igjen" av Lisbeth Bjørndal. Her var mykje flott og eg gler meg til å ta fatt!

-kjøpt tolv små kleshengarar til eit nyerverva/arva klesstativ på hjul.

-lånt ørti kleshengarar til same klesstativ.

-overlocka, festa trådar og stroke dei siste prosjekta, mens hjelparen fordjupa seg i ny Lego-pakke.

-hengt opp alle prosjekta. Me trong 35 hengarar kunne hjelparen min meddela etter ei oppteljing.
Kva?? Trettifem!!

Sygalskap...
-solgt eit skjørt til ein nabo. Hurra for fyrste salg og fyrste inntekt i pengeskrinet!
Ho kjøpte dette skjørtet for 300. Fraktfritt sjølvsagt! De kan også få kjøpe her! Ikkje alle 34 er lagt ut endå.

Fine kanten!

No er ein hengar ledig og skal i løpet av morgondagen få oppdraget med å bere ein sommarkjole.

1 kommentar:

  1. Fine bloggen - flinke damene! DET må eg sei - at eg er mektig imponert over denne sygalskapen! Har eg nokongong hatt 35 nysydde plagg hengande klare til salg? Nope. Knallflinke og kreative er dokke! Og så håpe eg det går skikkeleg bra med salget!

    Klem

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...