laurdag 4. juni 2011

Snurr meg rundt!

Ingvild og Guro har starta kreativ workshop, eller syklubb om du vil.
Det gjekk fort frå teiknebrett og modell til ferdige sommarskjørt på kleshengar!
Pedagogen kallar det flow...og det kjennest herleg! Det er berre å segle på bølga medan vinden er frisk.
14 skjørt av typen "svingskjørt" heng klare i systova vår, endå fleire er på veg.

Vi er i oppstartsfasen til ein ny Epla-butikk med same namn som denne bloggen. Om ikkje mange dagane kjem desse, og liknande, florlette skjørt til salgs i butikken vår. Ikkje to er like. Dei er miljøvenlege sjølvsagt, sydde av mjuke, fine gjenbrukte tekstiler frå 60- og 70-talet.


Limegrøn ribb, grønt blomemønster og kvit bølgekant nedst.
Storleik 4/5 år.
 
Limegrøn ribb, grønt blomemønster og oransje kant nedst.
Storleik 4 år.

Turkisblå ribb, blått blomemønster og turkisblå kant nedst.
Storleik 4 år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...