søndag 19. juni 2011

Den fyrste kjolen...

Reportoaret vidar seg stadig ut. Ein kjole har blitt til. Av eit madrasstrekk som eg ikkje fekk meg til å kaste for fleire år sidan, og ein ny duk eg ikkje likte. Stoffa kler einannan godt. Berre synd at kjolen vart for liten til frøken fryd på fire. Sånn går det når ein gamblar og ikkje har fått tak i mønster. Pytt pytt. Kan hende ei anna lita jente får glede av kjolen. Den skal i alle fall leggjast på Epla-butikken med det fyrste eller andre.
Travelt å vere modell synest frøken fryd.


Armane har blått mønster framme og grønt bak.
Eg likte den varianten godt med to ulike uttrykk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...