måndag 22. august 2011

An apple a day...

Hugs å stikke innom Epla-butikken vår!

Vi oppdaterar jamnleg og legg til nye produkt.
Ingvild har bestemt seg for minst eit til dagen.
Kvifor sitje inne med eit stort lager?
Akkurat no er det seinsommarsalg :)
Velkommen!


La ut tvillingen til denne fine kjolen i dag:

Singoalla # 3 "Madicken"

Eg har kun sydd den i midten ;)



laurdag 20. august 2011

Lilla

Eit stykke ny velur.
Mjukt, deilig og lilla.

Først kom denne elefanten til verda:





Så denne hettekjolen som ikkje har vore av etter at han vart ferdig for to dagar sidan:





Elefanten er ca etter Guro sitt mønster. Kjolen på augemål etter eigen ide. Begge har hausta godord frå eigar og forbipasserande. Kjekt! Det vert fleire elefantbrør og -systre utover hausten, kosekjolar og.

For vi har meldt oss på Julemarked på Rådhusplassen!






- Posted using BlogPress from my iPhone

onsdag 17. august 2011

Spark!

Eg treng eit. Spark altså.
Bloggespark, skapespark og kvardagsspark.

I morgon tek kvardagen til.
Planleggingsdag. Ta med matpakke og blyant.

Denne sommaren har vore akkurat passe lang for lærarane.
9 veker med slaraffenliv.
Likevel blir det hardt å setje vekkarklokka att.
Hardt å få alle mann opp, i kleda og ut dørene før klokka slår åtte.

Sommarrutinene til bebuarane her på bruket har vore fråverande.
Ingen søte barn har vakna før minst ni. Så skånsomt og godt for ferierande foreldre.
Men så har ingen heller sovna før lenge etter ni om kvelden.
Medaljen har si bakside.

Her er litt puttel som har blitt til i min nye sykrok sidan sist:

Forsøk på ei skulderveske.
Såder resultat.
Nok eit forsøk. Mykje meir praktisk.
Tilsett litt galskap.
Meg.
Anar ikkje kvifor bildet plent vil stå på hovudet når eg lastar opp.
Vel, vel. La gå.

Detalj frå veska mi.
Den musikalske, halvgalne familien.
Samarbeidsprosjekt mellom 6-åringen og meg;
ein halvskeiv elefant.
Vi likar godt skeive folk og dyr.
Og teppet treng ein støvsugar.
Fantastiske frøken Fryd i heimesydd kreasjon.
Madicken og Lisabeth har sikkert fått kjolar av mor si dei òg.

laurdag 6. august 2011

Retro puter

Så var produksjonen endelig i gang igjen. Jeg er ikke blandt dem som klager på en dag med regn. Blomstene får vann og jeg finner roen inne foran symaskinen. Herlig!

Puter sydd av fargeglade dynetrekk. 






GKF



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...