torsdag 21. juli 2011

Sheet la gå!

Hva skjer når Øystein kommer på besøk en sommerkveld?

Vin, høy musikk...hva var det du spilte Øystein? Hm. Mulig jeg var komt litt for langt ned i flaska. Nei, jeg mener ikke min guilty pleasure....hysj! Uansett...vi klæsjer maling utover et hvitt laken. Det var mørkt ute, og vi hadde vel begge tatt et glass for mye, så jeg hadde mine tvil da jeg spent sjekket resultatet dagen etter. Jo. Ja. Tja. Noen timer i tenkeboksen. Resultatet? Et skjørt vel!   



Beklager Øystein...jeg husker ikke tittelen du kom med. Jeg døpte det like greit "sheet la gå". Funker det også vel?

fredag 15. juli 2011

Nye kunster

Ingvild utvidar reportoaret etter sykurs med vidarekomne Guro. Takk!
Eg er ein nyfiken og flittig elev, og nyt i fulle drag å vera på andre sida av kateteret.
Guro er flink til å vise, instruere og er tålmodig som få.
Glidelåsar er ikkje lengre så skummelt som eg før har trudd.
Her er dei spede, fyrste forsøka mine.

#1
(av ein svensk loppis-løpar)
#2
(av mammas duk)

#3
(av ei svensk loppis-kjøkkengardin)
#4
(av ei anna svensk loppis-gardin)

#5 (av mormors sommardynetrekk)
#6 (Frøken Fryd valde seg dette
stoffet frå Singer-butikken)
Og til sist vart eg så varm i trøya at eg laga lommebok med matchande handlenett. I den rekkefølgen.


# 7
(av Gros dynetrekk frå Bø)

Mitt fyrste handlenett!

Og ein smekker detalj der,
sånn for å skryte av dei nye, koselege merkelappane mine.

Snille Gro gav meg dette dynetrekket frå heimegarden sin i Bø. Herleg grønt, med gule og kvite lupiner. Hanken klippa eg frå eit syrleg gult (og kraftig) gardinstoff eg fann på Fretex.
Gro får handlenett og lommebok med seg på ferietur som takk for at ho varma retrohjartet mitt.
Eit stykke av dynetrekket er i ferd med å bli kjolen "Singoalla", str 7 år. Og endå er det 2,5 meter igjen!

onsdag 13. juli 2011

Solseng anno ca 1979

Eg har lappa solsenga mi. Den eg hadde når eg var lita.
Fin, raud og sjølve symbolet på sommar for meg.
I dag får ho lufte seg. Og samle solstråler frå ei ny tid.


Sol i dag!

To runde svenske dukar blir skjørt

Eit blått skjørt i Ingvild-storleik og eit blomstrete i Guro-size. Begge kledelege, komfortable og koselege. Begge laga av runde dukar frå svenske loppisar. Fint å være i gang att.
Storleik: Ingvild


Storleik: Guro


tysdag 12. juli 2011

Sol! Nå!

Solseng trukket med voksduk. 



Endelig ferdig! 3 tuber LiquiSole pluss 3 ruller sømtape måtte til for å tette alle sømmer. Nå håper jeg bare den varer ut sesongen. Eller kanskje jeg rett og slett skal ha den i stua?

laurdag 9. juli 2011

Sett på maken?

Denne perfekte lille snuppa
med oransje seleslengbukser 
kvitt undertøy, skor og trøye
bad pent om å få sitje på til Noreg.
Kven kan vel nekte henne når prislappen seier 5 kroner?

Kan nokon fortelje meg om denne dokka er av ein bestemt type? Har ho eit namn? Når er ho fødd?
Ser unekteleg ut som ein 70-tals-modell.

Välkommen åter från Loppis-land

Det er ei fryd å ha ledig plass i bilen, ein velvillig sjåfør og to ungar som kosar seg med å stoppe på loppisar langs vegane i Värmland. Her var det mykje flott og rart og billig. For ein fin institusjon loppis er, altså private heilårs utsal av brukte ting. Kvifor har me ikkje slikt i Noreg? Er me for rike..?

Vaskemaskina mi vel heime går og går.
Inni får feriekjøpa mine seg ein tiltrengt omgang med såpe og vatn.



Å, kor eg gler meg til dei heng tørre på ei snor i sommarbrisen og kviskrar meg løyndomar i øyra.
Kva for framtidsutsikter har de, vakre tøy, og kor skal de reise vidare når eg er ferdig med dykk?


Dette var det dyraste eg kjøpte. Men så er det òg ein skatt!

Eit stort "påslakan", altså dynetrekk, med barndomens moralske voktar, Jon Blund. Eg vrengde lommeboka og berre måtte. Av og til er det slik.  Heldigvis hadde eg ryggdekning frå sjåføren min. Han såg vel for seg ein angrande kartlesar som midt i Telemark insisterte på å snu og vende tilbake til Karlstad igjen..

Eg har eit akkurat likt eit, berre i grønt, som eg sjølv har sove under som lita.
Ikkje veit eg om eg nokon gong kan klare å klippe det opp og bruke det til noko anna enn det det er meint til, nemleg å drysse sovepulver over søvnige barn. Selje det vidare kan hende?

tysdag 5. juli 2011

Blått i dag

Denne stolen måtte bare reddes. Et par strøk
med maling og nytt trekk. Herlig.

Vintage nylonstrømper med søm. 

God som ny igjen. Ribbet og malt.

Racerbilarmbånd. 


laurdag 2. juli 2011

Tante Marit´s skinnskjørt...

Tante Marit´s skinnskjørt har blitt en veske!
Steinar´s karate-belte fungerer som hanker.
Mamma´s gule laken har blitt fór inni vesken.
Målfrid´s heklede duker, sammen med en enslig, 
stakkars silkehanske og noen blonder, er fine detaljer
 i lommen foran på vesken.
Lommen er fóret med en rest fra en brudekjole.
På glidelåsen henger en dusk fra Marokko.
For flere bilder se vår Epla-butikk

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...