laurdag 9. juli 2011

Välkommen åter från Loppis-land

Det er ei fryd å ha ledig plass i bilen, ein velvillig sjåfør og to ungar som kosar seg med å stoppe på loppisar langs vegane i Värmland. Her var det mykje flott og rart og billig. For ein fin institusjon loppis er, altså private heilårs utsal av brukte ting. Kvifor har me ikkje slikt i Noreg? Er me for rike..?

Vaskemaskina mi vel heime går og går.
Inni får feriekjøpa mine seg ein tiltrengt omgang med såpe og vatn.



Å, kor eg gler meg til dei heng tørre på ei snor i sommarbrisen og kviskrar meg løyndomar i øyra.
Kva for framtidsutsikter har de, vakre tøy, og kor skal de reise vidare når eg er ferdig med dykk?


Dette var det dyraste eg kjøpte. Men så er det òg ein skatt!

Eit stort "påslakan", altså dynetrekk, med barndomens moralske voktar, Jon Blund. Eg vrengde lommeboka og berre måtte. Av og til er det slik.  Heldigvis hadde eg ryggdekning frå sjåføren min. Han såg vel for seg ein angrande kartlesar som midt i Telemark insisterte på å snu og vende tilbake til Karlstad igjen..

Eg har eit akkurat likt eit, berre i grønt, som eg sjølv har sove under som lita.
Ikkje veit eg om eg nokon gong kan klare å klippe det opp og bruke det til noko anna enn det det er meint til, nemleg å drysse sovepulver over søvnige barn. Selje det vidare kan hende?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...