måndag 31. oktober 2011

Elisabet. Fornuftig forfengelighet...


Desse er aldeles for fantastiske til å liggje i skattekista mi, alle i hop.
Sjå kor vakkert!

Er du på jakt etter ei lekker gåve til venninna di?
Kjenner du ei elegant Elisabeth?
Eller ser du sjølv fram til ein anledning
kor dei tynnaste strømper hadde vore
prikken over i`en?



"Bronze-fargede sømløs florcrepe"
Uopna original emballasje
 
"Sømløs extra"
Uopna original emballasje.
 
Då kan du ta turen til: ingvildogguro på epla.no...

...og gjere deg sjølv
(og andre?)
lukkeleg!

PS! Fram med hoftehaldaren...



i


søndag 30. oktober 2011

Polkadot har flytta!



Ein kunde klarte ikkje gløyme Polkadot på salsmessa på Kolnes i helga. Det forstår vi godt! Til ein råbillig penge fekk ho ein ny heim. Vi håpar lampa får ein fin plass!

På messa møtte vi mange nysgjerrige, potensielle kunder som syntest tinga me lagar er kreative og spennande.

"Kor tar de det frå?", er standardkommentaren. "Berre det å komme på det!" utbryt dei.






Mange små og store åpna og lukka returkartonglommebøker til den store gullmedaljen og tok racerbilarmband av og på, men nesten ingen handlar... Vi spør oss sjølv kvifor det er slik?





For dyrt? Neeei... I forhold til tida vi brukar på å lage tinga skikkelege og fine, og materialkostnadar, så er timebetalinga vår langt under u-landstariff på det aller, aller meste.

Folk har ikkje kæsj? For vi tar jo ikkje kort. På Epla-butikken vår kan ein det heldigvis. Så er du ein av dei som ikkje hadde lommeboka full, og du vil ha ein ting me har laga, så kan du bestille her!

Folk er ikkje klare for å ta gjenbruk og fargar inn i heimen sin heilt endå?

Folk "lånar" idear og tenkjer dei kan gjere det like godt/betre sjølv?

Kundegruppa er feil? Fakta: Gjennomsnittsmessegjengaren på 65+ synst retro er på grensa til gyseleg.

Dei mest interesserte og begeistra er kan hende lærerar, og faktisk barn/ungdom (som dessverre berre har fått ein 20-kroning å handle for..).
Hmmm...

Før Julemarknaden på Rådhusplassen må det altså grublast litt.




- Posted using BlogPress from my iPhone

fredag 28. oktober 2011

Vi bygger nytt...

...tipsar i denne utgåva om gode lokale bloggar, deriblant vår. Takk for skryt! I forrige nummer trykte same blad eit retro-pute-bilde, og i neste nummer kjem ein aldri så liten "heime-hjå-guro-reportasje". Anar vi ein ihuga fan i bladet..?
Det nyshina syrommet til Guro er visst i spotlighten i neste nummer. Hei kor det går seier vi!




Er du lesar av bloggen vår, set vi stor pris på om du vil ha fast følgje med oss.


Posted using BlogPress from my iPhone

måndag 24. oktober 2011

Kartongtrøbling

Hugsar du turen min til Sverige?
Camping og loppis?
Men du visste vel ikkje
at eg hadde fleire utradisjonelle suvernirar med heim
enn "påslakan" og gamle dokker?
For det hadde eg nemleg.
Særs uvanleg vil eg seie at det er å ta med seg
tom drikkekartongemballasje fra ferien sin.
Altfor fine til å kastast sjølvsagt.
I ei skuff under setet mitt klarte eg å trø inn
eit titals kartongar med mini-mjølk og mellan-mjølk og jos.
Jo, dei var tomme og nyvaska såklart.

Så dei fiiine, sjeldne frå Sverige
og dei meir ordinære frå eige kjøleskap
har ligge sirleg sortert og klare til bretting og slikt.
Sidan då.
Eg har kvidd meg når sant skal seiast.
Guro sine skjønne returkartonglommebøker,
med fòr og kantband blei for putlete for meg.
Etter eit par halv- og heilhjerta, ilske og difor heller ikkje altfor vellukka forsøk,
blei prosjektet forkasta.
Det var berre å erkjenna at denne kule lommebokgreia,
dessverre ikkje mi greie.
Så kartongkolleksjonen fòr nesten i peisen.

Sidan eg har kaste-vegring blei det ikkje til at eg gjorde nett det.
Tenk om eg skulle bli gal og orka likevel?

No blei det endeleg tida for siste forsøk.
Press tvang det fram.
Må ha litt smågreier å tilby for sal.

Plutseleg såg eg lyset.
Knapp som einaste dekor utover sjølve kartongen,
genial "ny" skjære og brettemetode og stø hand på tapetkniven blei løysinga.
For meg.
(Og det formeleg spratt fram lommebøker frå hendene mine, hurra!)


Eit lite knippe lommebøker på gang.

6 er heilt klare, resten, og det er mange, ventar berre på ein knapp.
Og den som berre ventar på ein knapp, ventar på noko godt.

Og vil du gjerne, så vert desse kule julepresangar frå deg til dine.
Finst snart i Epla-butikken, på Kolnes-utstillinga og på Julemarkedet på Rådhusplassen.

måndag 17. oktober 2011

søndag 16. oktober 2011

Skattar frå krambua

Kva eg kjem heim med, etter friske haustferiedagar på Utsira? Skrot. Skrukketroll. Skattar. Lopper og barndomsminner.

No sorterar eg, og kjøkkenbordet fyllest med rarieteter frå "Hjemmet", den vesle krambua midt på Utsira. Nedlagd no sjølvsagt, men framleis finst det spor av handel frå gamle dagar her. Snille, pensjonerte butikkmannen "Johannes på Hjemmet" inviterte meg inn "itte gammalt", og tømte nokre av skuffene sine i ei eske til meg. Originalemballasje med originale prisar; hadde ikkje 0,70 kr for eit dusin knappar vore snålt til dømes?

Her er eit stykke kvinnehistorie frå bestemors tid...













Og her litt av kvart fullt brukande utstyr for syentusiastar eller samlarar:


























Men kva gjer eg med alt?
Noko kan brukast som det er, noko var ubrukeleg og har hamna i søppelet, noko kan bli gåver, noko kan seljast, noko skal bli fine kort...

Kom gjerne med innspel!

- Posted using BlogPress from my iPhone

torsdag 13. oktober 2011

Puff!


Endelig har jeg klart å samle nok broderier til denne puffen. Det tok sin tid, for disse er jammen blitt vanskelige(og dyre) å få tak i etter hvert. 






 GKF

måndag 10. oktober 2011

Opplading til utstilling!

Siste oktoberhelga skal vi debutere i lag.
Me gler oss!

Debuten skjer her:


Vi tek det som oppvarming
og lodding av stemning
(og varer)

før





Søtaste hjertekjolen?

I går vart denne søtnosen til. Ein ekte redesign-kreasjon. Min fyrste!
Gid eg hadde ei lita jente str 92...
"Smelt! Lagar du ein til meg og?", ber ho så fint som ragar 110 cm på strømpelesten.
Mor må skuffe, for maken kan det aldri bli.






Ingrediensar:
Ein prikkete bluse frå Fretex,
litt raud ribb frå Stoff og Stil
ein stor porsjon nostalgisk hjartestoff frå ein butikk i Karlstad.





Den makelause kjolen vert lagt ut på Epla, sjå lenke til høgre.
i

- Posted using BlogPress from my iPhone

onsdag 5. oktober 2011

Laptopveske +

Veske laget av diverse dresser, bukser, slips, en skjorte og noen rester fra en skinnjakke. Viledon og platevatt inni slik at den kan brukes til laptopveske. 







GKF

måndag 3. oktober 2011

Fleire bambiar

Joda. Eg tutlar også på. Litt treig på å skrive om det berre.

No driv eg på med eit "gammalt-broderi-slæsj-ny-pute"-prosjekt som kvernar i bakhovudet meir eller mindre kontinuerleg. Ikkje heilt nøgd med stoffa som skal setjast saman. Særleg når det er bestillingsoppdrag vert eg så sjølkritisk. "Neeei...ikkje heilt godt nok dette... Hmmmm...mon tru om dette fell i smak då? Passar desse fargane eigentleg til den nye eigaren?" Blæ. Bilete kjem når eg er nøgd.




Men her er eit prosjekt som funkar:


Ping og Pang,
døpt av Herr Mellombror Toft


Bedårande Ping
 Det poppar nemleg fram bambiar og andre bedårande dyr, utstyrt med dei vakraste auger.
Sjå dei "laiv" på Kolnes-utstillinga eller Julemarkedet på rådhusplassen i Haugesund.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...