søndag 16. oktober 2011

Skattar frå krambua

Kva eg kjem heim med, etter friske haustferiedagar på Utsira? Skrot. Skrukketroll. Skattar. Lopper og barndomsminner.

No sorterar eg, og kjøkkenbordet fyllest med rarieteter frå "Hjemmet", den vesle krambua midt på Utsira. Nedlagd no sjølvsagt, men framleis finst det spor av handel frå gamle dagar her. Snille, pensjonerte butikkmannen "Johannes på Hjemmet" inviterte meg inn "itte gammalt", og tømte nokre av skuffene sine i ei eske til meg. Originalemballasje med originale prisar; hadde ikkje 0,70 kr for eit dusin knappar vore snålt til dømes?

Her er eit stykke kvinnehistorie frå bestemors tid...













Og her litt av kvart fullt brukande utstyr for syentusiastar eller samlarar:


























Men kva gjer eg med alt?
Noko kan brukast som det er, noko var ubrukeleg og har hamna i søppelet, noko kan bli gåver, noko kan seljast, noko skal bli fine kort...

Kom gjerne med innspel!

- Posted using BlogPress from my iPhone

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...