søndag 30. oktober 2011

Polkadot har flytta!



Ein kunde klarte ikkje gløyme Polkadot på salsmessa på Kolnes i helga. Det forstår vi godt! Til ein råbillig penge fekk ho ein ny heim. Vi håpar lampa får ein fin plass!

På messa møtte vi mange nysgjerrige, potensielle kunder som syntest tinga me lagar er kreative og spennande.

"Kor tar de det frå?", er standardkommentaren. "Berre det å komme på det!" utbryt dei.






Mange små og store åpna og lukka returkartonglommebøker til den store gullmedaljen og tok racerbilarmband av og på, men nesten ingen handlar... Vi spør oss sjølv kvifor det er slik?





For dyrt? Neeei... I forhold til tida vi brukar på å lage tinga skikkelege og fine, og materialkostnadar, så er timebetalinga vår langt under u-landstariff på det aller, aller meste.

Folk har ikkje kæsj? For vi tar jo ikkje kort. På Epla-butikken vår kan ein det heldigvis. Så er du ein av dei som ikkje hadde lommeboka full, og du vil ha ein ting me har laga, så kan du bestille her!

Folk er ikkje klare for å ta gjenbruk og fargar inn i heimen sin heilt endå?

Folk "lånar" idear og tenkjer dei kan gjere det like godt/betre sjølv?

Kundegruppa er feil? Fakta: Gjennomsnittsmessegjengaren på 65+ synst retro er på grensa til gyseleg.

Dei mest interesserte og begeistra er kan hende lærerar, og faktisk barn/ungdom (som dessverre berre har fått ein 20-kroning å handle for..).
Hmmm...

Før Julemarknaden på Rådhusplassen må det altså grublast litt.




- Posted using BlogPress from my iPhone

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...