tysdag 31. mai 2011

Coca Cola por favor!

Hurra! Endeleg ferdig med Coca Cola-hua til Mellomste Bukken Bruse. Fleire i familien har vore frampå og sagt at dei "eigentleg likar cola best dei òg..". Beklagar, hua er allereie plassert på hovudet til ein nøgd liten fyr.

Det var litt plundrete å halde seg vaken og oppmerksom nok til å få mønsteret perfekt. Klarte å ro meg i land likevel. Du finn mønsteret til denne og fleire andre liknande "brus-huer"hos Strikkedolla.


Coca
 
Cola
ingvild

søndag 29. mai 2011

Ein liten prins verdig

I herleg mjuk fløyel. Tøyeleg for ein unge som veks. Formfast nok til at ho står flott på den vesle prinsen. Eller prinsessa.
Med fine perler som kan undersøkjast og suttast på, sydde bom fast med sikker hand slik at dei ikkje skal løsne ved eit uhell. Finst i mange ulike fargar, etter den kongelege sin smak og ditt behag.

Bursdagskrone

Meg og frk Fryd

Våre to yngste har hatt kroner i barnedåpane sine, og mange av våre små, søte venner har fått slike i bursdagsgåve. Populært!

ingvild

Nøkkelen til hjartet ditt?

God og varm å halde i på heimveg. Synleg i ei rotete veske. Dekorativ på nøkkelknaggen i gangen.
I kontrastane tova ull og fine silkeband.
Tova nøkkelringhjarte

ingvild

Skal eg spå deg?

Ein spå fortel deg kven du er i dag, men den skal også avsløre litt av fremtida. Papirbrettekunsten frå barndommen vart tatt opp att og nytta då Norigarden fekk konfirmant i hus. Ikkje som leike denne gongen, men forseggjorde bordkort! Dei tok si tid å lage frå a til å, men dei vart både personlege, fine og unike. God hjelp fekk eg av Mellomste Bukken Bruse som fungerte som avdelingsleiar på papirkuttaren.

Etter idèmyldring med hovudpersonen endte me med 8 gode utsegn til kvar av gjestene. Dei limte me inni spåen som ei overrasking. Spåane tok seg godt ut på det kvite og blå bordet, og funka som glimrande samtaleemne for folk som ikkje kjende kvarandre så godt. "Kva står det inni din spå?" Og best av alt synst produsenten: ingen gjest gjekk derifrå utan sin spå. Altså gjekk dei gode orda rett heim og kan fortsetta å væra et godt minne om både forholdet til den flotte konfirmantguten og den store dagen.

Her er nokre bilete:

Papir som passa anledningen frå Scrappekjelleren.

8 personlege helsningar til kvar gjest, eller nett kva du elles har på hjartet.

Spå i blått, brunt og kvitt.

Slik kan det sjå ut på duk og dekka bord.

ingvild

Logoluer



Eller, logohuer om du vil. Inspirert frå klassevenninner i Mellomste Bukken Bruse sin klasse, og mellom anna StrikkeDolla på nettet. Denne veka har stått i strikkingas teikn og solohua var den fyrste prøvelappen min. Vart ikkje nøgd med eigen innsats på kunsten "dra med meg tråden der kor der ikkje er mønster" og endte opp med å klippe av alle trådane som hang med og å feste hundre raude trådar.. Passe nøgd med resultatet, kva synest du? Kul er ho uansett.

Solo



Og her er nummer to; Kvikk Lunsj-hua. Eg lærer medan eg går. Og så lenge eg har det kjekt på turen...

Du har vel alt funne det ut; Kvikk Lunsj!

...så vert det fleire. Neste prosjekt ut er ei Coca Cola-hue...den som ventar får sjå.

ingvild
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...