søndag 29. mai 2011

Skal eg spå deg?

Ein spå fortel deg kven du er i dag, men den skal også avsløre litt av fremtida. Papirbrettekunsten frå barndommen vart tatt opp att og nytta då Norigarden fekk konfirmant i hus. Ikkje som leike denne gongen, men forseggjorde bordkort! Dei tok si tid å lage frå a til å, men dei vart både personlege, fine og unike. God hjelp fekk eg av Mellomste Bukken Bruse som fungerte som avdelingsleiar på papirkuttaren.

Etter idèmyldring med hovudpersonen endte me med 8 gode utsegn til kvar av gjestene. Dei limte me inni spåen som ei overrasking. Spåane tok seg godt ut på det kvite og blå bordet, og funka som glimrande samtaleemne for folk som ikkje kjende kvarandre så godt. "Kva står det inni din spå?" Og best av alt synst produsenten: ingen gjest gjekk derifrå utan sin spå. Altså gjekk dei gode orda rett heim og kan fortsetta å væra et godt minne om både forholdet til den flotte konfirmantguten og den store dagen.

Her er nokre bilete:

Papir som passa anledningen frå Scrappekjelleren.

8 personlege helsningar til kvar gjest, eller nett kva du elles har på hjartet.

Spå i blått, brunt og kvitt.

Slik kan det sjå ut på duk og dekka bord.

ingvild

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...