måndag 24. oktober 2011

Kartongtrøbling

Hugsar du turen min til Sverige?
Camping og loppis?
Men du visste vel ikkje
at eg hadde fleire utradisjonelle suvernirar med heim
enn "påslakan" og gamle dokker?
For det hadde eg nemleg.
Særs uvanleg vil eg seie at det er å ta med seg
tom drikkekartongemballasje fra ferien sin.
Altfor fine til å kastast sjølvsagt.
I ei skuff under setet mitt klarte eg å trø inn
eit titals kartongar med mini-mjølk og mellan-mjølk og jos.
Jo, dei var tomme og nyvaska såklart.

Så dei fiiine, sjeldne frå Sverige
og dei meir ordinære frå eige kjøleskap
har ligge sirleg sortert og klare til bretting og slikt.
Sidan då.
Eg har kvidd meg når sant skal seiast.
Guro sine skjønne returkartonglommebøker,
med fòr og kantband blei for putlete for meg.
Etter eit par halv- og heilhjerta, ilske og difor heller ikkje altfor vellukka forsøk,
blei prosjektet forkasta.
Det var berre å erkjenna at denne kule lommebokgreia,
dessverre ikkje mi greie.
Så kartongkolleksjonen fòr nesten i peisen.

Sidan eg har kaste-vegring blei det ikkje til at eg gjorde nett det.
Tenk om eg skulle bli gal og orka likevel?

No blei det endeleg tida for siste forsøk.
Press tvang det fram.
Må ha litt smågreier å tilby for sal.

Plutseleg såg eg lyset.
Knapp som einaste dekor utover sjølve kartongen,
genial "ny" skjære og brettemetode og stø hand på tapetkniven blei løysinga.
For meg.
(Og det formeleg spratt fram lommebøker frå hendene mine, hurra!)


Eit lite knippe lommebøker på gang.

6 er heilt klare, resten, og det er mange, ventar berre på ein knapp.
Og den som berre ventar på ein knapp, ventar på noko godt.

Og vil du gjerne, så vert desse kule julepresangar frå deg til dine.
Finst snart i Epla-butikken, på Kolnes-utstillinga og på Julemarkedet på Rådhusplassen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...