onsdag 17. august 2011

Spark!

Eg treng eit. Spark altså.
Bloggespark, skapespark og kvardagsspark.

I morgon tek kvardagen til.
Planleggingsdag. Ta med matpakke og blyant.

Denne sommaren har vore akkurat passe lang for lærarane.
9 veker med slaraffenliv.
Likevel blir det hardt å setje vekkarklokka att.
Hardt å få alle mann opp, i kleda og ut dørene før klokka slår åtte.

Sommarrutinene til bebuarane her på bruket har vore fråverande.
Ingen søte barn har vakna før minst ni. Så skånsomt og godt for ferierande foreldre.
Men så har ingen heller sovna før lenge etter ni om kvelden.
Medaljen har si bakside.

Her er litt puttel som har blitt til i min nye sykrok sidan sist:

Forsøk på ei skulderveske.
Såder resultat.
Nok eit forsøk. Mykje meir praktisk.
Tilsett litt galskap.
Meg.
Anar ikkje kvifor bildet plent vil stå på hovudet når eg lastar opp.
Vel, vel. La gå.

Detalj frå veska mi.
Den musikalske, halvgalne familien.
Samarbeidsprosjekt mellom 6-åringen og meg;
ein halvskeiv elefant.
Vi likar godt skeive folk og dyr.
Og teppet treng ein støvsugar.
Fantastiske frøken Fryd i heimesydd kreasjon.
Madicken og Lisabeth har sikkert fått kjolar av mor si dei òg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...