torsdag 16. juni 2011

Å drive på med sitt

Nok ein dag med saum, spoling av tråd og ferdigstilling av nye kreasjonar. Guro og eg har holdt på med kvar våre ting i dag. Ho tutlar med kartonglommebøker, med fòr og skråband. Knallflotte. Bilde kjem!

Eg er på buksekjøret, og trivst i grunnen godt med det. Medan eg syr kverner tankane om neste produkt i hovudet. Vesker? Damekjole? Sutteklutar? Redesign av ein kjole eg har hengande, som er fin, men likevel ikkje min stil? Enn så lenge. Godt at tankane vil framover. Dei har hatt ein altfor lang pause. Hurra for det!


Modellen vrikkar på enden for fotografmora.
Dette buksestoffet såg 10 gonger finare ut på enn det gjorde på sybordet,
og er sikkert 100 gonger finare enn den gongen det var eit dynetrekk.

Mønsteret får oss til å tenkje på melkekartongmønster frå barndommen..
Herleg nostalgi.
I dag har fleire sommarbukser kome til, pluss ei som blei så vid og kort, at ho fungerte best som kortbukse. Har funne ut at det tar seg godt ut med lommer på buksene, men òg at det er mykje arbeid.. Syr ein til sine eigne, eller i gåve, er det heilt greitt å bruke lang tid på å lage eit fint plagg. Men når ein planlegg å selje det ein lagar, vert timeløna låg. Reknestykket ("Tida det tar å klippe til 2 lommer med fòr + feste med nåler + sy + vrenge + stryke + feste + sy fast + feste trådar +stryke" MINUS "Verdien av materiala som er brukt") har eit svar som ikkje svarar seg. Eg plussa på 100 kroner for bukser med lommer. Dèt er lommene verkeleg verdt. Det er faktisk råbillige lommer! Spør du meg og Guro. Neste gong eg er på H&M skal eg tenkje på min eigen lommeproduksjon og sende ein sympatierklæring til borna i Kina som har strevd med å lage dei for ein slikk og ingen ting.
Shortslomme verd si vekt i gull!
Desse tre buksene frå i dag, pluss nokre til, ligg no i Epla-butikken vår!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...