torsdag 9. juni 2011

Butikkdamene!

I dag har vi opna butikk og vi synest det er litt stas! Vi har ein flunkande ny nettbutikk på Epla.no, ein nettstad kor folk sel mellom anna heimelaga produkter. Du finn butikken vår her og du er velkomen til å ta ein kikk!

Vi har foreløpig berre lagt ut skjørt, men vi måtte jo starte i ein ende og skjørt er jo ein fin stad å byrje...ikkje sant? Skjørta heiter forøvrig "Luna-skjørt" og dei er oppkalla etter ei skjønn, ung dame som dansar seg gjennom livet. Dei kreative hendene og hovuda våre er i full gang med å pønske ut neste spesialitet

Det kjennest godt å tilby folket nokre av dei fine tinga vi lagar.
Her er nokre døme på skjørta vi har sydd.

Mini-mini skjørt

Det var ein gong eit dynetrekk...no er det eit luftig sommarskjørt...
til deg kan hende?
Str small/medium


Kvart Luna-skjørt er unikt. Ikkje to er prikk like!

Detalj frå eit blåmønstrete skjørt.

Ein gammal hekleduk får gjere nytta som lomme på dette skjørtet.
Vi måtte sjølvsagt fore lomma også, så dei små skattane ikkje finn vegen ut gjennom hola.
Koselig og veldig fint!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...