torsdag 23. juni 2011

Guro på raid i Sør-fylket

 
Eit fråflytta hus i Sandnes har hatt besøk. Den nye eigaren, som skulle rive huset, annonserte at folk med interesse for innboet kunne kome og hente. Guro kom og henta. Dama som ein gong budde der hadde nok brukt mykje tid på å sy for i huset var det mykje stoff. Mystisk nok var der lite sengetøy, så Guro trur nokon har vore der før ho. Symaskin, tråd og knappar var og borte.
Tre fulle søppelsekkar med skattar..
"Kva raska eg med meg mon tru..?"

I eit hus utan straum, inne i skap og kott, var det ikkje lett å vite kva som vart raska ner i sekken... Her var til og med stoffer med ikkje veit namna på, sånne mystiske, syntetiske frå 60 og 70-talet veit du. Alt skal i hvertfall gjennom vaskemaskin ein runde og tre før det blir brukt til klær, fòr og vesker. Det har nok ligge der ei stund.

Fangst frå Sør-fylket.

To vesker, ein koffert og ein herleg badedrakt!
Barnevogna er eit pågåande Guro-prosjekt.
Den skal fyllast med sommarblomar!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...