fredag 15. juli 2011

Nye kunster

Ingvild utvidar reportoaret etter sykurs med vidarekomne Guro. Takk!
Eg er ein nyfiken og flittig elev, og nyt i fulle drag å vera på andre sida av kateteret.
Guro er flink til å vise, instruere og er tålmodig som få.
Glidelåsar er ikkje lengre så skummelt som eg før har trudd.
Her er dei spede, fyrste forsøka mine.

#1
(av ein svensk loppis-løpar)
#2
(av mammas duk)

#3
(av ei svensk loppis-kjøkkengardin)
#4
(av ei anna svensk loppis-gardin)

#5 (av mormors sommardynetrekk)
#6 (Frøken Fryd valde seg dette
stoffet frå Singer-butikken)
Og til sist vart eg så varm i trøya at eg laga lommebok med matchande handlenett. I den rekkefølgen.


# 7
(av Gros dynetrekk frå Bø)

Mitt fyrste handlenett!

Og ein smekker detalj der,
sånn for å skryte av dei nye, koselege merkelappane mine.

Snille Gro gav meg dette dynetrekket frå heimegarden sin i Bø. Herleg grønt, med gule og kvite lupiner. Hanken klippa eg frå eit syrleg gult (og kraftig) gardinstoff eg fann på Fretex.
Gro får handlenett og lommebok med seg på ferietur som takk for at ho varma retrohjartet mitt.
Eit stykke av dynetrekket er i ferd med å bli kjolen "Singoalla", str 7 år. Og endå er det 2,5 meter igjen!

2 kommentarer:

  1. Dere er flinke "husflidsjenter"!
    Morsomt å se det dere lager-mye kreativitet.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...