søndag 13. november 2011

Redesigna pute!

Hodebryet (heiter det det på nynorsk?) dette bestillingsprosjektet gav meg, viste seg å overgå det meste. Det har tatt altfor lang tid synst eg. Sikkert fordi eg er så kritisk (og så redd for at bestillaren ville synast at eg hadde forgripe meg på skatten hennar om det ikkje blei fint...) Men no er ho ferdig!




Oppgåva var: Lag ei pute av mormors broderi i ramme. Passar ikkje på veggen vår, men blir kanskje kul i sofaen?

Prøving, feiling, nye stoff/gamle stoff, søm på søm... Har gått frå retro-look til meir nøytral med grått ullstoff frå ei "slakta" bukse og beige lin frå eit skjørt. Endeleg nøgd (og trygg på at bestillaren også er det).




Og baksida ber preg av at ho har vore bukse! Fylte puta med fyllvatt gjennom smekken; løye!

Posted using BlogPress from my iPhone

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...